• Debatt   
  • Publisert 11. februar 2016

Fredskorpset i spagaten mellom UD og sivilsamfunnet?

Fredskorpset har hatt ein stolt plass i norsk utviklingshjelps historie. Det oppsto i 1963 som plattform for å sende idealistisk norsk ungdom til fattige land.

Det nye Fredskorpset såg dagens lys i år 2000 og hadde gjensidig utveksling av ungdom mellom organisasjonar i Norge og i utviklingsland («Nord-Sør»), og mellom ulike utviklingsland («Sør-Sør») som mål. I heile denne perioden har ønsket om å bidra til å styrke sivilsamfunnet i sør lege fast som ei av dei overordna målsettingane for utvekslingane. Den nyleg avleverte evalueringsrapporten Chasing civil society konkluderte med at Fredskorpset har fått til gode utvekslingar, men også at dei er mindre effektivt i å styrke sivilsamfunnet i sør. Evalueringa ber UD avklare kva dei vil med Fredskorpset og kva rolle Fredskorpset skal ha samanlikna med andre norske verkemiddel for å styrke sivilsamfunnet.

Gode utvekslingar

Over 8000 personar – dei fleste mellom 18 og 35 år – har tatt del i dei mange utvekslingsprogramma sidan 2000. På de meste var organisasjonar frå over 60 land involvert. I dag er prosjekt konsentrert til deltakarar frå rundt 25 land og fokuset for samarbeidet er blitt meir spissa og konsentrert. I 2014 var det 640 deltakarar. Rundt 200 av desse er norske. Eit fleirtal av deltakarane i utvekslingane er tilknytt ulike sivilsamfunnsorganisasjonar, men mange utvekslingar er også mellom ulike offentlege institusjonar og – i mindre grad – mellom private bedrifter.

Over tid har Fredskorpset blitt svært profesjonelle i å legge forholdet til rette for at utvekslingar kan vere til best mogleg nytte både for den enkelte deltakar og for organisasjonane bak. Det er utfordrande og krevjande gitt dei ofte store skilnadane mellom samarbeidande organisasjonar frå ofte svært ulike land.

Men evalueringa konkluderer også med at denne utvekslinga ikkje har vore noe effektivt middel for å styrke sivilsamfunnet i sør.

Men mindre effektivt

For Fredskorpset er tankegangen at ein ved å skape gode utvekslingar også bidrar til å skape gode samfunnsborgarar som i neste omgang bidrar til at sivilsamfunnet blir styrka. Det er ikkje noen grunn til å tvile på at slike utvekslingar har positiv verknad på den enkelte deltakar; det kjenner vi frå mange studiar frå tilsvarande utvekslingar. På unge menneske kan det påverke karriereval, samfunnsengasjement, interesser og samfunnsaktivitet.

Det kan også føre til at fleire av dei blir meir aktive i sivilsamfunnsorganisasjonar. Men vi veit også at verknaden på sivilsamfunnet avheng både av kvalitet og kunnskap hos den personen som blir sendt på utvekslinga, av oppgåver under gjesteopphaldet, av val av organisasjon, og av at han eller ho som har vore på utveksling også vender tilbake som sivilsamfunnsaktivist etter utvekslinga.

Det er her evalueringa rettar kritikk mot Fredskorpset. Dels er det mange av utvekslingane som ikkje har fokus på sivilsamfunn i det heile. Såleis er nesten 30% av utvekslingane i dag innan helsesektoren og fleirtalet av desse er utveksling mellom sjukehus i Norge og sjukehus i sør. Resultat av dette lar seg nok best målast utifrå dei bidraga dei kan gi til styrking av helsevesen og sjukehus og ikkje på resultat i forhold til styrking av sivilsamfunn. Tilsvarande kan fredskorpsutvekslinga mellom utdannings- og forskingsinstitusjonar nok betre målast utifrå det dei kan bidra med innan nettopp dette feltet (og her kan resultata kanskje samanliknast med dei langt meir omfattande og ordinære utvekslingane av studentar, undervisingspersonale og forskarar gjennom andre norske kanalar).

Rundt 60 prosent av utvekslingane er mellom det som i vid forstand kan kallast sivilsamfunnsorganisasjonar. Desse organisasjonane femnar om eit vidt spekter. Noen utvekslingar bidrar til å styrke organisasjonen, noen har også vore retta inn mot å bidra til samfunnsendring, men mange har ikkje store verknader utover å bidra til at deltakarane kan  bli betre samfunnsborgarar. Og viktig: val av samarbeidspartnarar i sør er ikkje gjort i tråd med det andre retningslinjer for norsk støtte til sivilsamfunn der vekt blir lagt på kontektsanalyse og relevans, og organisasjonane sine evner til å bidra til utvikling, demokratisering og styrking av menneskerettar.

Det er bakgrunnen for at evalueringa konkluderer med utvekslingane kan ha stor effekt på deltakarane, men vere mindre effektivt som instrument for å styrke sivilsamfunnet.

I spagaten

Fredskorpset er ein statleg institusjon under Utanriksdepartement. UD har vist liten interesse for å følgje opp målsettinga om å styrke sivilsamfunnet i sør. Gjennom etatstyringa har UD i staden hatt eit hovudfokus på tematiske prioriteringar. Nærmare 20 ulike prioriteringar har det blitt dei siste 15 åra. For tida er det utdanning, helse og næringsliv som er prioritert frå UD mens Fredskorpset har sørge for at sivilsamfunnet har blitt ei fjerde tematisk satsing. Det er nødvendig med ei gjennomtenking og klarare retningslinjer frå UD om kva rolle Fredskorpset skal ha. Skal styrking av sivilsamfunnet vere eit overordna mål for utvekslingane til Fredskorpset? Skal det vere ein av fleire? Eller kanskje skal det ikkje vere noen målsetting i det heile? Kanskje skal Fredskorpset konsentrere seg om å skape gode utvekslingar som kan føre til gode samfunnsborgarar, eventuelt i kombinasjon med fokus på særskilte tematiske område, men utan ambisjonar om skape resultat utover det?

Dernest er det viktig å sjå Fredskorpset i lys av andre norske bistandsinstrument. Pengane Fredskorpset rår over er beskjeden – under 10% av det Norad gir i langsiktig bistand til styrking av sivilsamfunnet – men evalueringsrapporten konkluderer også med at det er potensiale for betre samordning av norsk bistand på området. Såleis har Fredskorpset finansiert mye personell utveksling som har skapt grunnlag for regionale nettverk av sivilsamfunnsorganisasjonar i sør, noe som også i enkelte tilfelle har ført til felles program på tvers av landegrenser. Men ofte manglar desse nettverka nødvendige ressursar for å bli levedyktige utover utvekslingsperioden. Andre norske støtteordningar bruker også mye ressursar på å stimulere til samarbeid med sivilsamfunnsorganisasjonar, men manglar ofte midlar og mekanismar som kan bringe organisasjonane tettare saman. Eit betre samarbeid på norsk side vil under gitte vilkår slik kunne føre til større resultat og eit sterkare sivilsamfunn i sør. Det kan t.d. prøvast ut i noen av dei prioriterte fokuslanda for norsk bistand.

Fredskorpset har ein stolt historie. Framtida kan også vere lys, men det vil krevje at det blir gjort noen nye val om målsetting og retning for utvekslinga. Når dette er uklart er det også gode grunnar til å forvente at resultata blir deretter.

Skribent

Elling N. Tjønneland Seniorforsker på Chr. Michelsen Institute (CMI)

Stikkord

Debatt

Har du kommentarer til saken? Engasjer deg her!